* Du kan lese vilkåra våre her.
Å LEIGE EI LEILEGHEIT MED OSS SKAL VÆRE TRYGT
Det er mange fordelar ved å bu på ei leilegheit med oss. Du har til døme eigen sjøutsikt, god planløysing og bra standard, men det er også i disse korona tider ein trygg måte å overnatte heimanfrå. Du har eigen inngang, eit utrusta kjøken for å lage eigen mat og masse frisk luft rett utanfor med kort veg til flotte naturopplevingar. På Runde kjem du tett på opplevingane utan at du treng å vere tett på kvarandre. Og det å halde avstand til kvarandre er jo viktig i ei tid som vi no går igjennom.
RUTINAR FOR REINHALD PÅ RUNDE MILJØSENTER
Reinhald og hygiene er alltid høgt prioritert på Runde Miljøsenter, og i ei tid som no oppmodar vi også alle våre gjestar om å ha ekstra god handhygiene i tråd med dei anbefalingar som kjem frå myndigheitene. Bruk godt med såpe og varmt vann i minst 20 sekunder.
Vi har satt inn ekstra ressursar og enda strengare rutinar for reinhald av leilegheitene mellom kvar gjest. Vi reingjer slik:
nyttar miljøvenlege men effektive kjemikaliar
reinhaldspersonalet brukar eit sett med eingongs-hanskar per leilegheit
reinhaldspersonalet brukar eit sett med klutar per rom
alle kontaktpunkt som dør- og skap handtak, lysbrytarar, fjernkontroll og kjøken vaskast nøye
Ta tilbake tida. På Runde kan du koble ut i eit vakkert og eineståande kystlandskap. Pust inn frisk luft, kvil augene på storhavet og senk skuldrene.